Driftstekniker – ALTI Førde
Vi skal tilsette ein serviceinnstilt driftsteknikar ved Alti Førde. Det kan også vere aktuelt å arbeide på andre eigedomar som Alti Forvaltning AS har i Førde. Senteradministrasjonen ved Alti Førde består i dag av senterleiar, marknadskoordinator i deltidsstilling, tekstforfattar på deltid, samt to vaktmeistrar. Den eine vaktmeistaren sluttar ved utgangen av februar 2024.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:
- Dagleg drift, vedlikehald og tilsyn av bygningsmasse på kjøpesenteret og ved
eigedomar som er tilknytta Alti Førde (inkludert teknisk utstyr, ventilasjon,
varme, kjøl, heis, rulleband m.v.)
- Snekkararbeid og anna teknisk arbeid i samband med ombygjingsprosjekt og
tilpasningar for leigetakarar
- Forskjellige vaktmeisteroppgåver som tilsyn, spyling av parkeringsplassar,
rydding, strøing og liknande
Kvalifikasjonar:
- Helst fagbrev som driftsteknikar, rørleggjar, tømrar innan elektro/automasjon eller liknande. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- God teknisk forståing, praktisk anlagt og ikkje redd for å ta i eit tak
- Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
- Strukturert og god på å planlegge, og god gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar:
- Serviceinnstilt overfor kundar og leigetakarar, generelt samarbeidsorientert og godt humør
- Tek initiativ, og får utført arbeidet
- Fleksibel og løysingsorientert
Driftsteknikar rapporterer til senterleiar. Arbeidsstad vil vere på Alti Førde og eigedomar som er tilknytt dette.
Vi tilbyr:
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg, inkluderande og sosialt miljø
- Alti Forvaltning AS er i vekst, og er blant Noregs største forvaltarar av kjøpesenter/næringseigedomar
- Fadderordning med opplæring i ulike driftssystem, rutinar og tekniske anlegg
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Samling for nytilsette ved hovudkontor
- Tur-/aktivitetsdagar
- Løpande medarbeidarundersøkingar
- Fagseminar og større arrangement for tilsette
- Tilgang til feriehusvere i Spania
- Konkurransedyktige vilkår, gode pensjon- og personalforsikringsordningar
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Rolf Arne Rognaldsen, senterleiar, tlf.: 954 21 454
Søknadsfrist 4. januar 2024.